Aro Ha_0986.jpg

OM/KONTAKT

 
 

Margit Myhr er folkemusikar, songar, dansar og skodespelar. Ho har bachelor i utøvande musikk frå Ole Bull Akademiet, samt utdanning frå Frikar-akademiet og halvtårskurs i «Berättande teater» i Sunne, Värmland. Ho har sidan 2013 vore engasjert som skodespelar og dansar ved Västanå Teater; seinast i “En saga om en saga”  som var teateret si 50års-jubileumsforestilling, og i tidlegare forestillingar som til dømes "Eddan" i manusversjon av Jon Fosse og som tittelrolla i “Anna Svärd” av Selma Lagerlöf. Ho har òg gjort fleire eigenproduserte førestillingar som den kritikarroste soloførestillinga “Stilt trør kvinner i sørgedans”, nyproduksjonen “Nokon kjem til å kome” av Jon Fosse i eit samarbeid med Riksscenen og Västanå Teater, danseforestillinga «SVIV», samt barneframsyninga «Frid i skogen den grøne» skreve av Sigmund Løvåsen -begge i samarbeid med Riksscenen og Sprang. Ho har også sidan 2010 hatt mange engasjement som dansar i ulike dansekompani; som Frikar, Villniss og Mamelukk, sistnevnte som medskapande dansar i forestillinga «Livmødre» som hadde premiere i 2022. I 2021 gav ho ut plata Slåttesong (Heilo/Grappa) i lag med hardingfelespelar Erlend Apneseth, med songar henta frå tradisjonsmaterialet som finst i Hallingdal. I 2016 vann ho Kongepokalen for sigeren i Vokal Klasse A under Landskappleiken, og fekk Statens Kunstnarstipend i 2017 og 2022.
Margit er fast medlem av vokalgruppa Kvedarkvintetten og i 2024 er dei aktuelle med slepp av si tredje plate; “Tagal” på Heilo / Grappa. Tagal var tingingsverket til Førdefestivalen i 2021, komponert av Jorun Marie Kvernberg for Kvedarkvintetten.

Kontakt:

margitmyhr@gmail.com
+47 91637573

 
margitmyhr.jpg